torsdag 16. juni 2011

Og vi maler og vi maler...

... og det blir så fint og flott!
Stårlande sol, så då vert det maling! Denne gongen var det trappa på verandaen som sto for tur. Og det vart faktisk veldig fint og flott ;)
(Må altså sei at det var EG som måla)

I går var me ein liten gjeng hjå Lena som endeleg har blitt logoped!
Heldige Lena =)
så då var det campagne, brownies, giga-pizzahorn, jordbær med sjokolade og herlig pærecider! hehe
Og ikkje minst masse latter og løye!

torsdag 9. juni 2011

tut-tut sier pappas bil...

 ...den kan kjøre mange mil, men ikkje utan å sikre nydeligheten vår skikkelig først!!
Denne skal vere svært bra: 
HTS Besafe iZi Kid X3 Isofix. (Foto: ICRT)  forbrukerportalen.no 
Nå er det nemlig på tide å skifte ut den me har, sidan ho er blitt så stor jente! Men det er ikkje akkurat lett å finne, syns eg. Det er jo så mange der ute; forovervendte, bakovervendte, 0-18 kg, 9-25 kg, billig, dyre... Me veit jo egentlig kva me vil ha, men æsj, at dei skal koste så masse, då! Men bilstol er ein ting som eg aldri vil kjøpe brukt, ein veit jo aldri kven som sel, og om dei er til å stole på eller ikkje. 

No er eg forresten ferdig med eksamener!! TJOHO!
Deilig med ferie og 0 dårleg samvit for ikkje å lese. 
Deilig å endelig kunne vere med familien min 
*I love*
No står fleire småprosjekt på gong; vasking av bil og hus, luking, planting og ikkje minst maling! Men faktisk så er det betre enn å lese! (Då meiner eg sjølvsagt pensum og faglitteratur; SKJØNNlitteratur skal eg nok få tid til, ja! )

Og ein liten ting til; 
søta mi har begynt så smått å krabbe =) 
Og det går ut over ein stakkar pusekatt... 
Men om ikkje så lenge er dei sååå gode bestisser, vettu ;)

onsdag 1. juni 2011

Kvelden lister seg på tå, over kløverengen..

Kan tru det er stille når det berre er katten og eg som er heime.
Min kjære tok med seg snuppa vår og reiste til Kvinnherad medan eg må vere heime og lese til eksamen, nok ein gong.
Stille utan "dædn-dædn" og "o-wæh-o-wæh"!
Men då er det heller ikkje så masse rot for mammo å rydde opp i...


"Hm, kordan kan eg så rote mest mulig...?!"

Det er spesielt bokhylla som er interessant. Men heldigvis er det berre hennar eiga hylle som fristar mest. Ennå.


Etter lesing i dag har eg begynt å redigere alle filmsnuttane av hus, heim og diverse. Men du verden for ein jobb! Det er ganske mange "snuttar", og eg har jo lyst til at resultatet blir bra, så det tek si tid...
Og akkurat derfor har eg slutta for denne gongen, og sit no og ser på "Millionær i forkledning".... :)

fredag 27. mai 2011

Jeg satte brillene på min nese, for bedre å kunne lese....

"Kunne ein berre vore ein av desse akkurat no!"
tenkte eg medan eg sat inne og las...
 
For tida gjer eg ikkje anna enn å lese til eksamen. Eg hadde ein den 26. mai, og neste blir 8. juni. Og jammen skal det bli godt å bli ferdig! Kunne eg berre ha blitt heilt  ferdig med studiene mine og nå, så hadde alt vore flott. Men eg får sjå i løpet av juni om eg kjem inn på logopedistudiet eg har søkt på. 
*krysser alle fingrar og ter!!*

Elles i verda mi har det skjedd sånne små, men fine ting som er så viktige i kvardagen (og som eigentlig er  kvardagen..): 
-Min kjære er så flink og har fått tid til både å vere pappa (mens mamma les), og mala vegg ute. Nå er (den eine sida på) huset sååå flott kan du tru!
-Snuppeluppelei blir så stor og kryp rundt på golvet og prater i veg. Snart blir ho 9 mnd, litle beibissen min!!
Og i  slutten av juni skal ho, eg og min mamma på FLYtur til trøndelag! Det gler me oss veldig til, sjølv om eg er litt nervøs for å fly med snuppelupp (på grunn av trykket i øyrene). Men me tek med oss masse drikke og tutt, så håper me det går fint. 
-Sist lørdag var eg og ein jentegjeng på bytur! Me starta kvelden på Chili og åt tapas til me rulla ut att. Deretter såg me Ylvis 4, og toppa det heile med drinkar på Soho! Mykje skøy og gøy, må eg få sei!


Søtaste sokkane!    

tirsdag 10. mai 2011

Vi har en tulle med øyne blå....

Tenk at dette litle nurket


har blitt til denne nydelige luringen!

Ei jente som gjer oss så glad!

onsdag 27. april 2011

Oppdatering sidan sist...

No er lille Ollebolle komme inn i familien og er allereie blitt 8 mnd.
Den første tida var eg heime med nurket, men frå januar av tok pappaen over permisjonen og mor starta med studier att. Og sannelig gjekk det godt og!
Eksamen er om ein måned og skippertaka kan vel snart  begynne...
Dette semesteret tek er FÆRØYSK og SOSIOLINGVISTIKK (språk i samfunnet). Og riktig så artig er det! Særskilt med færøysk -draumen no er å reise dertil og prøve meg på ein samtale og to! Problemet er å halde det ved like når eg ikkje er der...
Digresjon: Det er no ein gong slik at færøysk og norsk stammer begge frå norrønt. Eg kikka i boka "Suldalsmålet" av Sigurd Sandvik og fann ut at det eldre suldalsmålet hadde faktisk ordet "tåsa" for å snakka -nett det same som færøysk! 

Då pappaen er heime blir det naturleg nok ikkje like mykje gjort på huset. Og eg har nesten gløymt korleis det er å sy.... Rart kor travel ein dag kan bli med studier, barn, kjæreste, heim og vener! Eg tørka nett støv av maskina mi, då -planen er å prøve meg på ein meitai snart. Eg vil så gjerne ut på tur med snuppeluppa utan vogn! Sommaren er jo like om hjørnet og tida er komme for å komme seg litt meir ut. (Og dette blir berre koseturar, trening er ikkje for meg (ennå).)

Tralllallllalllala

mandag 25. april 2011

Påskemorgon slukker sorgen...

.. i allefall når ein vakner til strålande sol og varmt ver!
Påska i år feira me i Kvinnherad denne gongen. Hage-og terrasseliv på høgt plan og god tiurmiddag på laurdagen. Nei, me har det godt!
Snuppelura har verkeleg blomstra denne helga; det er ikkje lenge til ho krabbar bortover golvet her, praten går så å seie konstant og me ser meir og meir at ho ikkje lenger er ein liten baby men eit lite menneske med humor, meiningar og åtferd.