onsdag 27. april 2011

Oppdatering sidan sist...

No er lille Ollebolle komme inn i familien og er allereie blitt 8 mnd.
Den første tida var eg heime med nurket, men frå januar av tok pappaen over permisjonen og mor starta med studier att. Og sannelig gjekk det godt og!
Eksamen er om ein måned og skippertaka kan vel snart  begynne...
Dette semesteret tek er FÆRØYSK og SOSIOLINGVISTIKK (språk i samfunnet). Og riktig så artig er det! Særskilt med færøysk -draumen no er å reise dertil og prøve meg på ein samtale og to! Problemet er å halde det ved like når eg ikkje er der...
Digresjon: Det er no ein gong slik at færøysk og norsk stammer begge frå norrønt. Eg kikka i boka "Suldalsmålet" av Sigurd Sandvik og fann ut at det eldre suldalsmålet hadde faktisk ordet "tåsa" for å snakka -nett det same som færøysk! 

Då pappaen er heime blir det naturleg nok ikkje like mykje gjort på huset. Og eg har nesten gløymt korleis det er å sy.... Rart kor travel ein dag kan bli med studier, barn, kjæreste, heim og vener! Eg tørka nett støv av maskina mi, då -planen er å prøve meg på ein meitai snart. Eg vil så gjerne ut på tur med snuppeluppa utan vogn! Sommaren er jo like om hjørnet og tida er komme for å komme seg litt meir ut. (Og dette blir berre koseturar, trening er ikkje for meg (ennå).)

Tralllallllalllala

mandag 25. april 2011

Påskemorgon slukker sorgen...

.. i allefall når ein vakner til strålande sol og varmt ver!
Påska i år feira me i Kvinnherad denne gongen. Hage-og terrasseliv på høgt plan og god tiurmiddag på laurdagen. Nei, me har det godt!
Snuppelura har verkeleg blomstra denne helga; det er ikkje lenge til ho krabbar bortover golvet her, praten går så å seie konstant og me ser meir og meir at ho ikkje lenger er ein liten baby men eit lite menneske med humor, meiningar og åtferd.

tirsdag 19. april 2011

"Everything you can do, I can do better..."

Guri, så rørt ei bokglad mamma kan bli når dottera på snart 8 mnd kan BLA sjølv!

Herlig er det...

...når sola kikkar inn gjennom stoveglaset, graset vert grønare og når ungdommen endeleg har fått tørka støvet av mopedane sine og kan testa dei (heilt til neste vinter) på bare, tørre asfaltvegar...!

Herleg er det å kunne tørke klede ute på snora.
Herleg å kunne køyre bil utan å spinna og gli utføre vegen.
Jammen er det fint å ta vårjakken på seg!
Og litt koseleg er det jo og å høyre småfuglane synga!

VELKOMMEN VÅR!

Velkommen til ny runde med agurknytt!

Lillepiamia takka for seg og avslutta heile blogginga for ei stund.
Meininga var at ingen ny blogg skulle komme, men eg sakna det å skrive om oppussing, hobbyprosjekter og det som  følgte med, så då vert det skriving ei stund til.

Mykje har skjedd sidan sist!
Den største hendinga var sjølvsagt då lilletullegullet vårt kom til verda 4. september i fjor.
(Ho er nok og hovudgrunnen til at sist blogg vart avslutta)