torsdag 16. juni 2011

Og vi maler og vi maler...

... og det blir så fint og flott!
Stårlande sol, så då vert det maling! Denne gongen var det trappa på verandaen som sto for tur. Og det vart faktisk veldig fint og flott ;)
(Må altså sei at det var EG som måla)

I går var me ein liten gjeng hjå Lena som endeleg har blitt logoped!
Heldige Lena =)
så då var det campagne, brownies, giga-pizzahorn, jordbær med sjokolade og herlig pærecider! hehe
Og ikkje minst masse latter og løye!

torsdag 9. juni 2011

tut-tut sier pappas bil...

 ...den kan kjøre mange mil, men ikkje utan å sikre nydeligheten vår skikkelig først!!
Denne skal vere svært bra: 
HTS Besafe iZi Kid X3 Isofix. (Foto: ICRT)  forbrukerportalen.no 
Nå er det nemlig på tide å skifte ut den me har, sidan ho er blitt så stor jente! Men det er ikkje akkurat lett å finne, syns eg. Det er jo så mange der ute; forovervendte, bakovervendte, 0-18 kg, 9-25 kg, billig, dyre... Me veit jo egentlig kva me vil ha, men æsj, at dei skal koste så masse, då! Men bilstol er ein ting som eg aldri vil kjøpe brukt, ein veit jo aldri kven som sel, og om dei er til å stole på eller ikkje. 

No er eg forresten ferdig med eksamener!! TJOHO!
Deilig med ferie og 0 dårleg samvit for ikkje å lese. 
Deilig å endelig kunne vere med familien min 
*I love*
No står fleire småprosjekt på gong; vasking av bil og hus, luking, planting og ikkje minst maling! Men faktisk så er det betre enn å lese! (Då meiner eg sjølvsagt pensum og faglitteratur; SKJØNNlitteratur skal eg nok få tid til, ja! )

Og ein liten ting til; 
søta mi har begynt så smått å krabbe =) 
Og det går ut over ein stakkar pusekatt... 
Men om ikkje så lenge er dei sååå gode bestisser, vettu ;)

onsdag 1. juni 2011

Kvelden lister seg på tå, over kløverengen..

Kan tru det er stille når det berre er katten og eg som er heime.
Min kjære tok med seg snuppa vår og reiste til Kvinnherad medan eg må vere heime og lese til eksamen, nok ein gong.
Stille utan "dædn-dædn" og "o-wæh-o-wæh"!
Men då er det heller ikkje så masse rot for mammo å rydde opp i...


"Hm, kordan kan eg så rote mest mulig...?!"

Det er spesielt bokhylla som er interessant. Men heldigvis er det berre hennar eiga hylle som fristar mest. Ennå.


Etter lesing i dag har eg begynt å redigere alle filmsnuttane av hus, heim og diverse. Men du verden for ein jobb! Det er ganske mange "snuttar", og eg har jo lyst til at resultatet blir bra, så det tek si tid...
Og akkurat derfor har eg slutta for denne gongen, og sit no og ser på "Millionær i forkledning".... :)