onsdag 1. juni 2011

Kvelden lister seg på tå, over kløverengen..

Kan tru det er stille når det berre er katten og eg som er heime.
Min kjære tok med seg snuppa vår og reiste til Kvinnherad medan eg må vere heime og lese til eksamen, nok ein gong.
Stille utan "dædn-dædn" og "o-wæh-o-wæh"!
Men då er det heller ikkje så masse rot for mammo å rydde opp i...


"Hm, kordan kan eg så rote mest mulig...?!"

Det er spesielt bokhylla som er interessant. Men heldigvis er det berre hennar eiga hylle som fristar mest. Ennå.


Etter lesing i dag har eg begynt å redigere alle filmsnuttane av hus, heim og diverse. Men du verden for ein jobb! Det er ganske mange "snuttar", og eg har jo lyst til at resultatet blir bra, så det tek si tid...
Og akkurat derfor har eg slutta for denne gongen, og sit no og ser på "Millionær i forkledning".... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar