torsdag 9. juni 2011

tut-tut sier pappas bil...

 ...den kan kjøre mange mil, men ikkje utan å sikre nydeligheten vår skikkelig først!!
Denne skal vere svært bra: 
HTS Besafe iZi Kid X3 Isofix. (Foto: ICRT)  forbrukerportalen.no 
Nå er det nemlig på tide å skifte ut den me har, sidan ho er blitt så stor jente! Men det er ikkje akkurat lett å finne, syns eg. Det er jo så mange der ute; forovervendte, bakovervendte, 0-18 kg, 9-25 kg, billig, dyre... Me veit jo egentlig kva me vil ha, men æsj, at dei skal koste så masse, då! Men bilstol er ein ting som eg aldri vil kjøpe brukt, ein veit jo aldri kven som sel, og om dei er til å stole på eller ikkje. 

No er eg forresten ferdig med eksamener!! TJOHO!
Deilig med ferie og 0 dårleg samvit for ikkje å lese. 
Deilig å endelig kunne vere med familien min 
*I love*
No står fleire småprosjekt på gong; vasking av bil og hus, luking, planting og ikkje minst maling! Men faktisk så er det betre enn å lese! (Då meiner eg sjølvsagt pensum og faglitteratur; SKJØNNlitteratur skal eg nok få tid til, ja! )

Og ein liten ting til; 
søta mi har begynt så smått å krabbe =) 
Og det går ut over ein stakkar pusekatt... 
Men om ikkje så lenge er dei sååå gode bestisser, vettu ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar